Tradisjonell taekwondo i Førde

Sunnfjord Taekwondo

Trening for born, ungdom og vaksne kvar måndag og torsdag på Flatene skule.

Nytt

Nyheiter frå klubben

Plakat: Nybegynnarkurs i taekwondo frå 11. januar 2027

Nybegynnarkurs frå 11. januar

Sunnfjord Taekwondo startar nybegynnarkurs for alle frå 10 år. Fyrste treningsdag er måndag 11. januar 2027.

Du treng ikkje å vere stor, sterk eller tøff for å byrje å trene med oss. Møt opp som du er!

Måndag og torsdag kl. 18:00–19:00
Gymsalen på Flatene skule, Flatene 50, 6814 Førde

Spørsmål? Kontakt Jakob Nøtseth på 977 42 669, eller bli med i Spond-gruppa.

Om oss

Taekwondo er ein koreansk kampkunst med røter i over 2000 år gamle koreanske tradisjonar. Vi legg difor stor vekt på disiplin, respekt, hjelpsemd, ærlegdom, tillit, høflegheit og tradisjonar i undervisninga vår.

Klubben er medlem av Traditional Taekwondo Union (TTU). Meisteren vår er Christina Follesø.

  • Disiplin
  • Respekt
  • Hjelpsemd
  • Ærlegdom
  • Tillit
  • Høflegheit
  • Tradisjonar

Treningstider

Gymsalen på Flatene skule, Flatene 50, 6814 Førde

Måndag og torsdag

18:00–19:00Nybyrjarar / born
19:00–20:30Viderekomne / ungdom / vaksne
20:30–21:00Fri trening

Første måndag kvar månad

18:00–19:00Nybyrjarar / born
19:00–20:00Viderekomne / ungdom / vaksne
20:00–21:00Kyeongdang

Prisar

Kontingent per semester (vår og haust)

0–12 år

1200 kr / semester

13–15 år

1200 kr / semester

16 år og eldre

1500 kr / semester

Innmelding skjer via Min idrett.